Foredrag om «Ulv og bjørn i norsk natur» er UTSETT

På grunn av koronasituasjonen i Bergen ser vi oss inntil vidare dessverre nødt til å utsetje det populærvitenskaplige foredraget om rovdyrpolitikk og jaktlovgiving. Ny dato kjem. Vi beklagar og håper alle held seg friske.

Fredag 30.oktober kjem stipendiat Siri Elisabeth Bernssen for å snakke om Ulv og Bjørn i norsk natur – ein rettsleg regulert konflikt gjennom 1000 år.

Sameksistens mellom menneske og dei store rovdyra er eit mykje debattert emne, medan den historiske- og rettshistoriske bakgrunnen er lite drøfta. Dei lengre linjene vert ofte framstilt både overflatisk og upresist. Føredraget tek for seg rovdyrpolitikk og jaktlovgiving i Noreg frå mellomalderen og fram til i dag, med fokus på dei største og stadig mest omdiskuterte dyra, nemleg bjørn og ulv.

Alle interesserte er velkommen, ein treng ikkje særlege forkunnskapar for å ha nytte og glede av arrangementet.

Foredraget varer frå 13:15 til ca 14:00, med tid til diskusjon og spørsmål etterpå.

Vi legg til rette for UiBs smittevernrutiner og ber om at alle følger desse – hold avstand, hugs handvask og bli heime om du er sjuk.

Enkel kaffiservering.

Sjå arrangementet i UiBs kalender og på biblioteket si facebookside.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *